Avhør angående sprekker i KiellandPlattformsjefens dagbok

Det første forsøket på å snu Kielland

text_format
Allereie kort tid etter at Alexander L. Kielland forulukka 27. mars 1980, byrja diskusjonane om riggen kunne bergast.
Skrevet av Håvard Klyve Parr

Det første forsøket på snu Kielland var ei stor mediahending hausten 1980. I takt med at utfordringane i bergingsaksjonen vart større, så vaks også kritikken mot både bergingsselskapa og dei politisk ansvarlege. 28. november 1980 gav fiskeriminister Eivind Bolle ordre om at forsøket på å snu riggen skulle stoppast.

 

Opptakta

Regjeringa Norli slo få dagar etter ulukka fast at det ikkje skulle stå på pengar i innsatsen for å finne årsaka til Kielland-ulukka. Både denne lovnaden og ønsket om å finne dei som framleis var sakna, gjorde at Regjeringa gjekk inn for at riggen skulle snuast. For eigaren av Kielland, reiarlaget Stavanger Drilling, og for forsikringsinteressene som samla seg i Den Norske Oljeforsikringspoolen, var også snuing ei prioritert oppgåve. Hjå desse var det ei tru på at det skulle la seg gjere å reparere og ta i bruk att riggen etter ei slik snuing.

Den forulukka riggen vart slept inn til Kårstø og oppankra der 20. april 1980, med påfølgjande undersøkingar for å få full oversikt over skadeomfanget. Dykkarundersøkingane pågjekk i tre veker og konklusjonen var at riggen ikkje hadde fått skadar som utelukka ein snuoperasjon. Medan dette arbeidet pågjekk vart det sendt ut ein invitasjon til ulike bergingsselskap om å legge inn tilbod på å snu riggen. Verftet som hadde bygd Kielland, franske CFEM, gjorde samstundes ein del styrkeberekningar. Saman med funna frå dykkerundersøkingane vart desse vidareformidla til bergingsselskapa før tilbodsfristen gjekk ut.

 

Snumetode utan ytre krefter

Det var seks bergingsselskap som la inn tilbod. Reiarlaget Stavanger Drilling gjekk saman med forsikringsinteressene gjennom dei ulike snuforslaga som hadde kome inn. Dei gjorde først eit utval av det dei meinte var dei tre sterkaste tilboda. Desse kom frå Smit International, Uglandgruppen og Structural Dynamics Marnine Ltd./Nicoverken Norge AS.

Konklusjonen frå reiarlag og forsikringsinteresser var at konsortiet Structural Dynamics Marine Ltd. og Nicoverken Norge AS hadde det beste tilbodet både når det gjaldt pris og teknisk løysing for snuoperajonen. Krontanken i tilbodet var å vende plattformen utan bruk av ytre krefter. Dette skulle dei løyse ved å fylle luft og vatn inn og ut av ballasttankar, samt nytte store luftputer, eller ballongar for ytterlegare oppdrift. Structural Dynamics Marine Ltd., gjerne omtala som SD Marine, var eit nyoppretta selskap. Nicoverken Norge AS var og ferskt, men eit dotterselskap av det etablerte svenske selskapet Nicoverken, eit kjent selskap innan maritim industri. Snumetoden var prøvd i modellforsøk i Southampton og i tilbodet inngjekk omfattande bruk av moderne datateknologi. Dei mange ballasttankane i riggen skulle utstyrast med ventilar og slangar, og fyllinga av tankane skulle styrast ved hjelp av datamaskiner. Fylling av ballongane, kvar med ei oppdrift tilsvarande 5 tonn, ville og styrast ved hjelp av datamaskiner. Metoden skulle gjere det mogeleg å snu riggen omlag ein grad i timen.

Til å leie snuoperasjonen hadde konsortiet knytt til seg amerikanske Scot Kobus. Kobus hadde både ein teoretisk bakgrunn som skipsingeniør og praktisk erfaring frå leiing av bergingsoperasjonar og som redningsdykkar. I oljekretsar var han kjend som ekspert på jack-up-riggar og halvt nedsenkbare riggar. Mest merksemd i den norske offentlegheita fekk han likevel for si amerikanske framtoning og sin unorske veremåte.

 

Oppstarten utsett fleire gongar

På seinsommaren vart Kielland slept frå Kårstø til Gandsfjorden der snuoperasjonen skulle finne stad. Riggen vart, etter eit krevjande slep, ankra opp 27. august og frå leiinga av bergingsaksjonen var signala at dei i løpet av eit par veker kunne kome i gang med sjølve snuoperasjonen. Den planlagde oppstarten flytta seg utover hausten. Vêret var dårleg og førebuingane omfattande. 27. oktober var alt klart, og optimismen stor hjå bergingsselskapa. Til Stavanger Aftenblad melde direktør i Nicoverken Norge, Jan-Olof Stomberg, at dei rekna med snuinga ville ta mellom 4 og 7 dagar. Frå leiinga av operasjonen var meldingane positive dei første dagane. Scot Kobus kunne melde om at teori og praksis stemde, altså at dei datasimulerte reaksjonane til havaristen passa overeins med det dei såg utspele seg i praksis. Samstundes mana han til tolmod, for den store riggen hadde rørslemønter som eit isfjell. Alt måtte skje sakte, iallfall innleiingsvis. Framdrifta heldt fram – og tok seg opp. Fredag 31. oktober melde bergingsselskapa at riggen hadde snudd nesten 20 grader på eitt døgn, og at den så langt i snuoperasjonen hadde snudd seg 62 grader frå posisjonen den hadde då dei byrja. Alt gjekk framleis som planlagt, og inn mot helga der oktober skulle gå over i november nærmar snuoperasjonen seg den mest kritiske fasen, der riggen skulle nå 90 grader. Altså at dekket på riggen med bustadkvarteret ville stå loddrett i vatnet. VG melde laurdag 1. november at vippepunktet truleg ville verte nådd same dag, og spådde at folk i Stavanger ville valfarte for å få med seg den avgjerande fasen av riggsnuinga denne helga. Dei ansvarlege for bergingsarbeidet var på dette tidspunkt ikkje uroa over at ein del av luftballongane som gav ekstra oppdrift hadde byrja å leke.

Plattformen nådde ikkje det kritiske punktet denne helga. Bergingsselskapa melde at dårleg vêr og utfordringar med luftballongane hadde utsett den kritiske fasen. Utover i den første veka i november vart avisoppslaga krassare, og tvilen på om snuoperasjonen kom tydelegare til uttrykk. «Ballongene sprekker for Kobus» melde Rogalands Avis 7. november. Og i Klassekampen, som allereie hadde trykt fleire kritiske artiklar om snuoperasjonen, var tonen endå hardare: 8. november skildra avisa snuoperasjonen som gambling med riggen og ei livsfare for dei som utførte arbeidet.

 

Problema vert tydelege

Dagane gjekk utan at den havarerte riggen let seg vippe lenger over. Det byrja verte tydeleg at dei problematiske luftballongane ikkje gav tilstrekkeleg oppdrift. Reknearbeidet som låg til grunn for operasjonen verka heller ikkje å ha fått med seg alt i det komplekse reknestykke. Stag som skulle vore tette og fulle av luft, var i røynda fulle av vatn og vekta av bustadmodulane hadde vore vanskeleg å fastsetje. Tidsoverskridingane byrja også å truge det økonomiske reknestykket snuforsøket bygde på. Avtalen mellom bergingsselskapa og forsikringsinteressene hadde ei ramme på 42 millionar. Det var lagt opp med ei relativt låg dagrate, men med ein tilsvarande høg suksessbonus. Utsetjingane, og dei store mannskapsressursane som krevdes for å avhjelpe luftlekkasjane, vekte no uro.

Operasjonen med å snu Alexander L. Kielland var ikkje berre ei teknisk øving. Snuinga hadde krevjande økonomiske, menneskelege og politiske aspekt, og det var eit stort presseoppbod som fylgde snuprosessen frå dag til dag. Særleg for dei pårørande til dei 36 oljearbeidarane som framleis var sakna etter ulukka, var snuprosessen ei stor påkjenning. På den politiske fronten, vart det hausten 1980 gjort store endringar i Regjeringa Norli. Ut gjekk både olje- og energiminister Bjartmar Gjerde, justisminister Andreas Cappelen og kommunalminister Inger Louise Valle. Omrokkeringane skjedde før snuoperasjonen hadde kome skikkeleg i gang, og gjaldt fagstatsrådar som på ulike vis hadde hatt ansvar for oppfølginga av Kielland-ulukka. Frå fleire av dei som var kritiske til den pågåande snuoperasjonen, vart det jobba aktivt opp mot regjeringsapparatet for å få stogga snuforsøket. Ein av dei mest aktive var sjøkaptein Ivar Garberg, som etter ulukka hadde verka som rådgjevar for NOPEF, ein LO-organisasjon for oljearbeidarar. Også Odd Kristian Reme, som var bror til ein av dei sakna etter ulukka, såg med veksande uro på korleis forsøket på å snu riggen utvikla seg.

 

Krisemøte

Utover i november vart det tydeleg at bergingsselskapa hadde støytt på vanskar som var meir krevjande å overstige. Informasjonssjefen i Den Norske Oljeforsikringspoolen, Leif Monsen, uttrykte i intervju med Bergens Tidende 13. november tydeleg skuffelse over den manglande framdrifta i snuprosessen. Operasjonen hadde eit par veker inn i november kosta forsikringsselskapa mellom 18 og 20 millionar kroner og dei byrja frykte at riggen skulle totalhavarere. For Den Norske Oljeforsikringspoolen ville eit slikt totalhavari innebere ei utbetaling på 320 millionar kroner til reiarlaget Stavanger Drilling. Det vart difor halde krisemøte mellom forsikringsinteressene og bergingsselskapa, der det viktigaste spørsmålet var om ein skulle gå for kraner for å få riggen over det kritiske punktet. Kort tid etter krisemøte 13. november, vart det avgjort at kraner skulle leigast inn for å fortsette operasjonen. Og ettersom utfordringane og kostnadane vaks, tok Den norske Oljeforsikringspoolen ei stendig meir framtredande rolle i snuarbeidet.

To store flytekraner frå det svenske selskapet Neptun vart leigd inn. Seint i november var dei båe på plass i Stavanger, men lite skjedde. Heilt frå starten av snuoperasjonen hadde det vore fleire kritiske røyster til både bergingsmetode og val av bergingsselskap. Med vanskane i operasjonen hadde dei kritiske stemmene blitt fleire og tvilen hadde også byrja sive inn i Regjeringsapparatet. 26. november melde likevel olje- og energiminister Arvid Johnsen frå Stortingets talarstol at Regjeringa ikkje såg nokon grunn til å gripe inn i det pågåande arbeidet.

 

Stoppordre frå fiskeriministeren

Bergingsselskapa gjorde seg klare for å setje inn kranene i eit forsøk på å få riggen over det kritiske punktet. Like før Scot Kobus skulle gå i gang med den forsterka operasjonen, og berre to dagar etter at Johnsen hadde avvist inngripen frå Regjeringa, endra alt seg. Både frå fagrørsla og teknisk hald hadde det kome urovekkande meldingar til Sjøfartsdirektoratet om at det var fare for at riggen kunne gå ned om arbeidet heldt fram. I Kystdirektoratet var det nedsett ei ekspertgruppe som følgde snuoperasjonen tett. Frå denne gruppa var meldinga 28. november at det var overhengande fare for at Kielland ville synke, og at dei difor rådde styresmaktene til å avbryte snuoperasjonen. Den formelle stoppordren kom 28. november og var heimla i Hamnelova, og slik Kystdirektoratet og Fiskeridepartementet sitt ansvarsområde. Det var difor fiskeriminister Eivind Bolle som brått sette foten ned. Fiskeriministeren møtte straks motstand for avgjerdsla frå fleire hald. Kvifor vart denne avgjerdsla teken utan dialog med bergingsselskap og forsikringsinteresser? Og kven hadde kome med informasjonen som tilsa at det var overhengande fare for at riggen ville synke?

For riggeigar, bergingsselskapa og forsikringsinteressene kom stoppordren som ei stor overrasking. Den norske Oljeforsikringspoolen og Stavanger Drilling sende 29. november ut ei sams pressemelding, der det mellom anna hette at dei «beklager sterkt at Kystdirektoratet ikke fant det nødvendig å konferere med de berørte parter før man offentlig erklærte mistillit til bergingsaksjonen. Hadde myndighetene tatt kontakt med assurandørene og rederen på forhånd, ville man kanskje kunne ha unngått denne dramatiske utvikling.» Allereie den fredagen stoppordren kom, var det klart at diskusjonane kring avgjerdsla ville halde fram over helga. Etter hektisk møteverksemd måndag 1. desember, der både fiskeriminister, finansminister og olje- og energiminister var involverte, trekte Regjeringa attende stoppordren mot visse vilkår. No valde Den Norske Oljeforsikringspoolen derimot å seie stopp. Usikkerheita og tapa hadde vorte for store. 5. desember gjorde Den Norske Oljeforsikringspoolen seg sjølv til hovudentrepenør og bergingsselskapa til underentrepenørar. Oppgåva var no å få Kielland attende til der dei byrja tidleg på hausten. I midten av desember avgjorde styret i reiarlaget Stavanger Drilling at dei ville søke erstatning for totalforlis av Alexander L. Kielland. Eit vedtak forsikringsinteressene ikkje motsette seg.

Litteratur:

Dybdahl, Knut: «Slik snues «Alexander L. Kielland» i Teknisk Ukeblad vol 127 Nr. 39 1980

Fanebust, Frode med Smith- Solbakken Marie: Katastrofe og korrupsjon. Det skjulte spillet etter Alexander L. Kielland-ulykken. Res Publica. 2022

Nilsen, Bjørn: Gjenferd i Nordsjøen: Kiellandulykken i norsk oljepolitikk. Cappelen. 1984

Reme, Odd Kristian: Kielland: the battle. Hertevig forlag. 2023

Sellæg, Arne: «Stoppordre i Gandsfjorden: Feilslått forsøk på å snu «Alexander L. Kielland» i Norgesrevyen 1980 Nr. 4 Faktum.

Skretting, Tommas Torgersen: Alexander Kielland-Ulykken. Tragedien, spillet og hemmelighetene som kunne ha veltet en oljenasjon. Kagge forlag. 2019

Tagesen, Dag: ««Kielland»: Fra havari til snuing» Dreyer. 1983

 

Aviskjelder:

«Rigger uten risiko kan ikke konstrueres» i Stavanger Aftenblad 29.09.1980

«Snuingen innledes klokka 14» i Stavanger Aftenblad 27.10.1980

«Sakte men sikkert snues Kielland» i Bergens Tidende 29.10.1980

«Kritisk fase «Alexander L. Kielland i 90 gr. vinkel» i VG 01.11.1980

««Kielland» over det kritiske punkt i natt» i Dagbladet 01.01.1980

«Går som planlagt. Plattformen snudd 62 grader» i Stavanger Aftenblad 31.10.1980

«Ballongene sprekker for Kobus» i Rogalands Avis 07.11.1980

«Gambling med «Kielland». Livsfarlig redningsoperasjon» i Klassekampen 08.11.1980

«Totalhavari for «Kielland» fryktes» Forsikringsselskapene avsetter operasjonsledelsen» i Bergens Tidende 13.11.1980

«Snu-operasjonen må godkjennes offentlig» i Stavanger Aftenblad 02.12.1980

 

Digitalarkivet:

«Pressemelding utsendt via NTB lørdag 29. november 1980 kl. 1930» tilgjengeleg på https://media.digitalarkivet.no/view/90961/533 (Pa 1503 – Stavanger Drilling AS)

Protokoll frå styremøte i Stavanger Drilling II 08.08.1980: https://media.digitalarkivet.no/view/90931/814 (Pa 1503 – Stavanger Drilling AS)

 

Fotnoter

    navigate_before
    navigate_next
    close Lukk