Tommy Andersson

I dokumentasjonsprosjektet har vi prøvd å kome i kontakt med pårørande til så mange som mogleg av dei som omkom i Alexander L. Kielland-ulukka, men nokre har truleg ingen nære slektningar i live lenger. Ein av desse er truleg Tommy Andersson – den einaste svensken på riggen. Ingen vi kontakta hadde minner om han. Kven var han? Kvar kom han frå? Spørsmåla stod ubesvarte – heilt til Håvard Klyve Parr tok saka. Her er det han fann ut:
Oppvekst og bakgrunn
Tommy Andersson (f. 1947) vaks opp i svenske Stenungsund, som det einaste barnet til Johannes og Margareta Andersson. Seinare flytta den vesle familien til småbyen Kungälv, eit par mil nord for Göteborg. Tommy arbeidde ei tid som konditor i Stenungsund, men valde å omskolere seg til sveisar. Eit par år før Kielland-ulukka jobba han som sveisar under bygginga av Forsmarks kärnkraftverk, som kom i drift i 1980.[i] Far til Tommy fortalde at sonen alltid hadde vore glad i å reise og at arbeidet som lisenssveisar gav han «…rika möjligheter att resea ut. Nyligen flög han till Bremen och var ute på reparation på ett fartyg i Engelska kanalen.»[ii]
Då Kielland-ulukka råka 27. mars 1980 hadde det gått sju månader sidan Andersson hadde fått jobb i Nicoverken Sverige. Nicoverken var etablert i Göteborg rett etter krigen av Carl-Olof Nilsson. Med stor etterspurnad etter frakt over verdshava, så traff det nyoppretta verket godt med forretningsmodellen, som var å sende team av ingeniørar, sveisarar og platearbeidarar ombord sjøgåande skip. Slik kunne tida i dokk kortast ned, og det svenske verket vaks raskt til å verte eit verdsomspennande selskap.
Klargjering for borekontrakt
At tilsettinga i Nicoverken førte Tommy Andersson ombord på Kielland hang saman med konjunktursvingingar i riggmarknaden. Alexander L. Kielland hadde blitt konstruert og bygd for oljeboring, men då den sto ferdig i 1976 var boremarknaden tørr, og riggen vart difor gjort om til midlertidig bustadplattform. Ved inngangen til 1980-åra hadde marknaden snudd, og Alexander L. Kielland fikk kontakt med oljeselskapet Shell om boring på britisk sokkel. Planen til eigarselskapet Stavanger Drilling var difor å avløyse Kielland som bustadplattform med søsterriggen Henrik Ibsen. Også denne riggen var opphaveleg bygd ved det franske verftet CFEM i Dunkerque, men no hadde reiarlaget bygd den om til eit flotell med 600 sengeplassar. Ombygginga var nett ferdigstilt ved Aker Stord, og 26. mars 1980 ankra flotellet opp i Tananger, klar for klassing og vidare avløysing av Alexander L. Kielland.[iii] Tidsskjemaet var knapt, så arbeidet med klargjeringa av Kielland for borekontrakten på britisk sokkel hadde byrja ute i Nordsjøen. Nicoverken Norge var leigd inn i samband med denne ombygginga. Tommy Andersson var del av eit arbeidslag leidd av Leif Skjønhaug: «Vi hade fått i uppdrag av Stavanger Drilling att hjälpa till med ombyggnaden av Alexander Kielland från bostadplattform till borrplattform,»[iv] fortalde Skjønhaug til den svenske avisa Expressen etter ulukka. «Vi hade inte tillräckligt med folk för arbetet i Stavanger. Därfør fick vi låna Tommy från företaget i Göteborg. Han kom hit en dryg vecka före katastrofen och följde med mig och en finländare ut till Alexander Kielland. Vi skulle förbereda ombyggnaden.»[v]
Mannskapslista frå ulukkesriggen gjennom veka før ulukka syner at det var tre sveisarar frå «Nico» ombord i Kielland. Av denne lista går det fram at L. Skjønhaug og T. Markkanen hadde kome ombord allereie 25. februar. [vi] Dei hadde då kome saman med R. Nilsson, som reiste til land igjen 15. mars. Same dag reiste Andersson frå Gøteborg til Stavanger. «Han skulle göra et specialjobb, vara hemma igen om en vecka.»[vii] skreiv regionsavisa GöteborgsPosten, som hadde snakka med far til Tommy. Mannskapslistene syner at Tommy først kom ut på plattforman 17. mars. Tre dagar før ulukka, 24. mars, reiste Skjønhaug og finske Markkanen i land.[viii] Leif Skjønhaug forklarte i intervjuet med Expressen etter ulukka at dei venta på ein ventil frå USA, som forseinka arbeidet. Sjølv såg han ingen grunn til å vente ute på riggen: «Men Tommy frågade om han inte kunde få stanna kvar. Det fanns en del svetsningsarbeten som han kunde hålla på med.»[ix] Valet, som og var motivert av eit ønske om fri i påska, skulle vise seg skjebnesvangert for Tommy Andersson. Planen hans var å følgje riggen inn til land etter at den hadde blitt avløyst av Henrik Ibsen, men så langt kom aldri Alexander L. Kielland.
Inn i offentligheita etter ulukka.
Tommy Andersson var den einaste svenske statsborgaren som mista livet i «Alexander L. Kielland»-ulukka. Ettersom han berre hadde eit kortvarig engasjement på riggen, var det få som kjende han ombord. At namnet hans likevel vart både kjent og omdiskutert, skuldast spørsmål som ei tid etter ulukka kom opp i media. I desember 1981, var det store medieoppslag etter at eit vitne hadde stått fram og fortalt om sveisearbeid for å reparere sprekker på «Alexander L. Kielland» i tida før ulukka.[x] Ivar Garberg, teknisk sakkyndig for Kielland-fondet, meinte Tommy Andersson måtte vere den som hadde utført slikt eventuelt sveisearbeid.[xi] Det verserte etter kvart også forteljingar om at Tommy Andersson var ein av to sveisarar som hadde kome ombord på riggen med supplybåten Norino Sun kvelden før ulukka.[xii] Rykta som gjekk om at Andersson kom ombord kvelden før ulukka, let seg ikkje foreine med at Andersson står oppført i mannskapslistene i vekene før ulukka. At Andersson skal ha drive med reparasjon av sprekker, manglar også dokumentasjon.
Arbeidet som pågjekk for å gjere Alexander L. Kielland klar for boring i britisk sektor i tida før ulukka, vart via lite merksemd i den norske granskingskommisjonen sin rapport. Då den franske ekspertkommisjonen gjorde sine undersøkingar, stilte dei spesifikke spørsmål om kvifor underleverandørar til Stavanger Drilling var ombord. Tommy Andersson var då ein av dei som vart namngiven.[xiii] Korleis Stavanger Drilling svarte ut desse spørsmåla er ikkje å finne i opne kjelder, men reiarlaget svarte om arbeidsoppgåvene til Andersson i samband med ei anna sak. Stavanger Drilling vart give eit førelegg for brot for arbeidsmiljølova, knytt til arbeidarane Tommy Andersson og Robbie Morrison. Reiarlaget motsette seg dette førelegget, hovudsakleg fordi dei ikkje var Tommy Andersson og Robbie Morrison sin arbeidsgjevar, og gav samstundes ei kort skildring av arbeidet dei gjorde ombord. Høgsterttsadvokat Georg Scheel skreiv då på vegne av reiarlaget slik om arbeidet til Tommy Andersson: «Andersson var ombord i riggen for å foreta en omlegging/modifikasojn av mudrørene. Bakgrunnen var at Stavanger Drilling hadde kontaktet Nicoverken Norge A/S for å få utført et arbeide vedrørende mudsystemet.»[xiv] At slikt arbeid vart utført går fram av eit krav på kring 2,5 millionar kroner som Stavanger Drilling retta mot Shell for arbeidet gjort då riggen låg på Ekofisk, men vart klargjort for boring: «Det gjelder videre ombygging av mud mixing system og standpipe manifold, innkjøp og delvis installasjon av forskjellig utstyr og ”study of strengthening of cellar deck for 15000 psi stack”»[xv]
[i] Opplysningar frå Christer Brandt, tidlegare kollega av Andersson
[ii] «Gøteborgare katastrofoffer» i Göteborgs Posten 31.03.1980
[iii] «Henrik Ibsen (oljeplattform)» på https://snl.no/Henrik_Ibsen_-_oljeplattform
[iv] «Tommy bad att få stanna kvar en vecka til…» i Expressen 31.03.1980
[v] «Tommy bad att få stanna kvar en vecka til…» i Expressen 31.03.1980
[vi] ««Alexander L. Kielland» Mannskapsliste 19/3 – 27/3 1980.» https://media.digitalarkivet.no/view/109842/527
[vii] «Gøteborgare katastrofoffer» i Göteborgs Posten 31.03.1980
[viii] ««Alexander L. Kielland» Mannskapsliste 19/3 – 27/3 1980.» https://media.digitalarkivet.no/view/109842/527
[ix] «Tommy bad att få stanna kvar en vecka til…» i Expressen 31.03.1980
[x] ««Alexander L. Kielland» Ny etterforskning» i VG 10.12.1981
[xi] «Sveiseren var svensk» i VG 10.12.1981 («Jeg tror det er svenske Tommy Andesson fra Kungälv utenfor Gøteborg som må ha utført eventuelt sveisearbeid på «Kielland» før ulykken»)
[xii] Reme, Odd Kristian: Kielland: 89 spørsmål (2023): s. 122
[xiii] Opplysning i artikkelen «Ni dager før ulykken ble forsikringen økt» i Magasinutgåva «Kiellands dype hemmelighet» i Stavanger Aftenblad 29.10.2016
[xiv] Re.: ««Alexander L. Kielland» – Stavanger Drilling II A/S & Co. -Forelegg.» dagsett 29.04.1982 https://media.digitalarkivet.no/view/90940/805
[xv] «Stavanger Drilling II A/S & CO. Likviditet – kommentarer» https://media.digitalarkivet.no/view/90931/757