Det som manglar skaper uro
Denne artikkelen er originalt publisert i Syn og segn, og gjengitt med tillating frå originalforfattaren.
«Alexander L. Kielland» kantra 27. mars 1980 på Ekofiskfeltet i Nordsjøen. Den forulukka riggen vart først slept inn til Kårstø, før den i august 1980 vart slept vidare til Gandsfjorden, der snuoperasjonen skulle skje og dette dykkarbilete vart teke. (Foto: Ukjend/Pete Brady/Norsk Oljemuseum)
Jobben min var å finne brotstykke som kunne hjelpe oss å skildre og forklare den verste ulukka som har råka oljeeventyret vårt. Snakke med dei som overlevde, grave i dokument frå granskinga av ulukka, forsøke å forstå kva ein kunne vente av styresmakter og dei som eigde og drifta den ombygde boreriggen Alexander L. Kielland i 1980. I ein slik jobb blir ein driven mot det som manglar, som kan seie oss noko nytt eller som kan bryte den hinna som ligg mellom oss og det som hende den gongen. Skildringa gjennom telefonrøyret gjorde inntrykk på meg. Eg hadde sett mange bilete av riggen han symde rundt. Bilete frå tida før den grufulle ulukka, då «Alexander L. Kielland» framleis flaut på dei fem franske pontongane ute i Nordsjøen. Eg hadde og sett dykkarvideoar teke etter at riggen velta rundt – nærfilm av inspeksjonar av vridde stålstag i grumsete svartkvitt. Sterkare hadde det vore å gå gjennom bileta av det som møtte dei som gjennomsøkte Kielland etter at den endeleg var snudd i 1983. Eg hadde snakka med fleire av dei som søkte etter dei 36 sakna oljearbeidarane i vraket. Høyrt dei fortelje om lukta, dei grufulle lydane. Og eg hadde møtt nokre av dei som aldri fekk heim sine døde. Kanskje var det den ubegripelige kontrasten mellom ubehaget i desse inntrykka og det vakre i undervassopptaka dykkaren skildrar som sette seg i meg?
Desse filmopptaka vart gjort nokre månader etter ulukka, då eit nyoppretta konsortium hadde vunne tilbodet om å forsøke å snu Alexander L. Kielland. Aldri før hadde ein oljerigg av denne typen vorte snudd, og oppgåva med å vende den meir enn 10 000 tonn tunge riggen hadde ei rad ukjente faktorar. Berre to dagar etter Kielland-ulukka hadde olje- og energiminister Bjartmar Gjerde lova at det ikkje skulle stå på økonomi i spørsmålet om å snu riggen[REMOVE]Fotnote: Fanebust, Frode: Katastrofe og korrupsjon: det skulet spillet etter Alexander L. Kielland-ulykken (2022) Res publica: s. 150. , og hausten 1980 var det spektakulære snuforsøket den store mediahendinga i Noreg. Trua på at det skulle lukkast var så stor at konsortiet hadde hyrt inn eit engelsk filmteam for å lage ein film om snuoperasjonen. Børretzen tok undervassfilm på oppdrag frå desse, men fortvilande nok, så ante han ikkje kvar filmrullane hadde hamna seinare.
Bilete frå det første forsøket på å snu den forulukka Alexander L. Kielland i 1980. (Foto: Pete Brady/Norsk Oljemuseum)
Eit sakskompleks som heimsøker
Kielland-ulukka er eit sakskompleks som heimsøker mange av dei som har sett seg inn i det. At eg framleis, tre år etter at vi publiserte dokumentarserien «Katastrofen Kielland» på TV2, ikkje kan sleppe desse bortkomne filmrullane, er vel eit uttrykk for at saka heller ikkje har slept meg.
Ulukka var eit tidsskilje i norsk oljehistorie, ei djupt tragisk hending som markerte slutten på pionertida på den norske sokkelen. 123 menneske omkom og mange av dei 89 som overlevde vart merkte for livet. Ein granskingskommisjon undersøkte årsakene til ulukka, men konklusjonen til kommisjonen var ikkje noko alle kunne slå seg til ro med. Spørsmåla var mange, og med tida som gjekk etter ulukka vart dei berre fleire. Allereie kort tid etter den fatale kantringa byrja ei sterk mistru å vekse fram mellom overlevande og etterletne. Ville alt som kunne kaste lys over årsakene til ulukka kome for dagen, og dei riktige bli stilt til ansvar? Misstrua fylgde med inn i det første forsøket på å snu den forulukka riggen, der reiarlaget Stavanger Drilling med forsikringsinteressene i ryggen, leidde tilbodsprosessen. Valet fall altså på eit konsortium (Joint Venture Consortium) av Nicoverken Norge og det relativt nyoppretta selskapet SD Marines frå Storbritannia. Det kom som ei overrasking på mange at konsortiet vann tilbodsutlysinga i konkurranse med dei meir kjende bergingsselskapa Smit International og Uglandgruppen. Konklusjonen frå reiarlaget og forsikringsinteressene var likevel at konsortiet hadde det beste tilbodet både når det gjaldt pris og teknisk løysing.[REMOVE]Fotnote: «Det første forsøket på å snu Kielland»: https://kielland.industriminne.no/det-forste-forsoket-pa-a-snu-kielland/ Tilbodet var bygd rundt tanken om å vende riggen utan bruk av ytre krefter. Dette skulle dei gjere ved å flytte luft og vatn inn og ut av ballasttankar og store løfteballongar.[REMOVE]Fotnote: «5 kilometer slanger skal bidra til å snu «Kielland»» i Norges Handels og Sjøfartstidende 9.10.1980 Det heile skulle styrast av moderne datateknologi. Til å leie operasjonen hadde konsortiet knytt til seg amerikanske Scot Kobus. Kobus hadde teoretisk bakgrunn som skipsingeniør og praktisk erfaring både som leiar av bergingsoperasjonar og som bergingsdykkar.[REMOVE]Fotnote: Fanebust, Frode: Katastrofe og korrupsjon: det skulet spillet etter Alexander L. Kielland-ulykken (2022) Res publica: s. 169. Mest merksemd fekk han likevel for si karakteristiske framtoning og eit uvanleg biletrikt språk om den krevjande snuoperasjonen.
«Jeg er ikke bare en bergingsmann, men også en riggbygger og konstruktør. Jeg kan offshore rigger «fra vogge til grav» noe som gjør meg til en unik bergingsmann av offshore rigger.» uttalte Scot Kobus sjølv til Rogalands Avis etter det misslukka snuforsøket. (Foto: Pete Brady/Norsk Oljemuseum)
Scot Kobus[REMOVE]Fotnote: «Scot Kobus med betroelser om snuingen – tre år etter: – Jeg rådførte meg med Alexander» i Rogalands Avis 29.07.1983
I dag framstår det underleg at ein karismatisk cowboy frå Texas vart hyrt inn til å leie ein bergingsaksjon på norsk sokkel. Men i 1980 var det ikkje meir enn 11 år sidan det første drivverdige funnet på Ekofiskfeltet hadde opna oljealderen. Berre tre år før Kielland-ulukka, våren 1977, hadde Bravo-utblåsinga vore nær ein katastrofe. Då hadde ein annan amerikansk redningsmann landa på Sola flyplass. I eit kaos av journalistar og nyfikne nordmenn hadde Red Adair kjempa seg inn i helikopteret og ut i Nordsjøen. Spruten sto framleis høgt til vers der ute på Ekofiskfeltet og Red Adair fikk mykje av æra for at Bravo-utblåsinga vart stengd ned. Det var amerikanarane som kunne olje, og det var ein ekte amerikanar konsortiet hadde fått med seg til å leie snuoperasjonen. Om det var Kobus sjølv eller konsortiet som hadde dei storslåtte planane om ein film om snuoperasjonen er usikkert – men kontrakten syner at det er konsortiet som skal bere alle kostnader ved filminnspelinga. Om det vart eit overskot skulle reiarlaget Stavanger Drilling ha ein liten del av dette.[REMOVE]Fotnote: Filmkontrakten er digitalt tilgjengeleg i arkivet etter Stavanger Drilling: https://media.digitalarkivet.no/view/109841/376/indv2
Gjennombrot
I avtalen mellom selskapa som skulle snu Kielland og riggeigaren, står det ikkje kven som skulle utføre filmjobben. Då eg fann namnet på mannen som hadde fått oppdraget, og til mi overrasking oppdaga at han framleis var i live, hugsar eg pulsen slo hardt. Pete Brady hadde fleire tiår bak seg i underhaldningsbransjen og leidde framleis eit eige føremiddagsshow på radio, då eg tok kontakt med han.[REMOVE]Fotnote: Wikipediaside om Pete Brady: https://en.wikipedia.org/wiki/Pete_Brady_(presenter) Allereie frå første samtale var det tydeleg at det var reine tilfeldigheiter som hadde ført fram til filmoppdraget i Noreg. Ein akustikkekspert han hadde kome i prat med hadde anbefalt Pete Brady Productions Ltd. for den unike filmjobben.
Pete Brady, fotografert på 1980-talet.
Brått sto altså Pete Brady, ei kjend radiorøyst og TV-produsent, på ein lekter og skua mot ein havarert oljerigg som gradvis kom over vassflata. Snuforsøket vart gjort i Gandsfjorden nær Stavanger, og det var godt ut i oktober før operasjonen kom i gang. Dårleg vêr var ein del av grunnen til at oppstarten fleire gongar hadde blitt utsett, og Gandsfjorden i byrjinga av november skilde seg markant frå farvatna der Pete Brady tidlegare hadde konkurrert med vannski. Med seg i filmteamet hadde Brady ein fotograf, ein lydmann og kona si.
Filmfotografen i Pete Brady Productions fotografert med den havarerte riggen i bakgrunnen. (Foto: Pete Brady/Norsk Oljemuseum)
Med eksklusivt film- og fotograferingsløyve dokumenterte Pete Brady Productions Ltd. arbeidet både over og under vatn, og hadde ein tilgang andre fotografar berre kunne drøyme om. Negativfilmen vart frakta attende til London, dit også Pete sjølv reiste fleire gongar for å sjå kva dei hadde fanga på film. Frå ein optimistisk start, der avisene kunne melde om at riggen vende seg i vatnet nett slik ein ved hjelp av datamaskinene hadde planlagt, møtte snuoperasjonen motbør. Den kritiske fasen kom då riggen nærma seg 90 grader i fjorden, altså punktet der dekket og bustadmodulane skulle stå loddrett i høve vassflata. Dei store løfteballongane som skulle gi ekstra oppdrift byrja å leke, og usikre moment i dei avanserte reknestykka synte seg i praksis. I ei filmforteljing er motstand og utfordringar naudsynt for å kunne lage ein god film. Det kritiske vippepunktet på 90 grader var nære, men Scot Kobus klarte ikkje å «temje den ville oksen» – for å nytte eit av hans eigne språklege bilete. Krisemøter, kriseløysingar og offentleg kritikk enda i ein uventa stopp-ordre frå fiskeriminister Eivind Bolle 28. november 1980. Stopp-ordren vart ikkje berre slutten på snuforsøket, det vart også ein brå slutt for filmen som skulle dokumentere den spektakulære redningsoperasjonen. Finansieringa frå oppdragsgivarane stogga like brått som snuoperasjonen.
Då eg først kom i kontakt med Pete Brady var han ganske trygg på at filmmaterialet var noko som ville la seg finne. Han lova å sjekke med laboratoriet som hadde framkalla materialet, Colour Film Services i London. Eg var spent, kjende at vi var nær eit heilt unikt materiale. Fargefilm knapt nokon hadde sett, og som kanskje kunne gi svar på nokre av dei mange opne spørsmåla vi baksa med om ulukka. Skuffelsen var difor stor då Brady vende tilbake med dei nedslåande nyhenda om at Colour Film Services hadde gått ut av tida. Med seg hadde filmlabben truleg også teke 10 000 meter fargefilm frå Stavanger hausten 1980.
Filmteamet dokumenterte ulike sider ved snuoperasjonen. Her vert det testa skyting av bolter i ei stålplate. (Foto: Pete Brady/Norsk Oljemuseum)
Tida innhenta oss, «Katastrofen Kielland» skulle publiserast, og eg måtte legge bort søket etter filmane. Det manglande materialet heldt likevel fram med å uroe meg. Dels stamma denne uroa frå tankar om kva dette kunne tilført dokumentarserien vår, men det var også noko i omstenda kring materialet som gjorde at eg ikkje kunne falle til ro. Arkivmateriale har både ein kontekst det er skapt i og eit seinare liv. Visuelt materiale har også dette ved seg at det kan gi oss ein nærleik til samtida det skildrar, samstundes som tidsgapet avdekker heilt nye ting. Det var denne dobbelheita eg var ute etter. Då eg hausten 2024 fikk vite at det ved Norsk Oljemuseum i Stavanger var funne både korrespondanse og ein lengre logg som skildra filmmaterialet, var det på høg tid å hoppe ned i kaninholet att.
Nye dokument som syner forsøka på å skaffe filmmateriale som dokumenterte det første snuforsøket.
I loggen over filmopptaka det engelske filmteamet hadde gjort, kan vi i stakkato notatform lese om det som var filma: «Kobus raises Norwegian flag alongside Union Jack. w/s from fjord of activity around rig. All vessels backed away to allow rig to rotate.» Det finst også korte innskrifter som minner oss om alvoret i situasjonen: «Body removed – c/u’s sad faces.». Mest av alt gir denne lista over opptak ei formeining om kva filmteamet fokusert på. I botnen ligg det heile vegen ei tydeleg optimisme rundt den kompliserte snuoperasjonen. Dykkaroperasjonar, viktige folk på vitjing, stemningsbilete, prosessar – for ein filmskapar er ein slik logg nærast eit kart som syner vegen til dei ulike historiene som kan forteljast. Å lese ein logg over materiale som har kome bort er derimot meir frustrerande enn godt er. I forsøket på å spore opp filmnegativa var det heller ikkje mykje å hente i denne loggen.
Korrespondansen som hadde kome for ein dag ved Norsk Oljemuseum gav derimot nye haldepunkt. I tillegg serverte dei overraskingar. Nye opplysningar som seier mykje om både Kielland-saka og om dei mange spenningane som låg og framleis ligg i spørsmåla kring ulukka.
Metoden som låg til grunn for snuforsøket til konsortiet var prøvd i modellforsøk i Southampton og i tilbodet inngjekk omfattande bruk av datateknologi. (Foto: Pete Brady/Norsk Oljemuseum)
Spelet om filmane
Ein del av konteksten kring filmmaterialet var eg allereie kjent med. På toårsdagen etter Kielland-ulukka, i 1982, publiserte Rogalands Avis ti sider om ulukka. Terje Johansen, ein av journalistane som hadde jobba tettast med Kielland-ulukka, fylte ei heilside om filmmateriale det engelske filmteamet hadde teke av det misslukka snuforsøket.[REMOVE]Fotnote: «Blankt statlig avslag til oljemuseet: «Enestående Kiellandfilm uinteressant»» i Rogalands Avis 27.03.1982 Det går fram av artikkelen at Pete Brady Productions har gått konkurs og at eit av bergingsselskapa, Nicoverken, har tilbydd Oljemuseet filmmaterialet. Den britiske bustyraren for Pete Brady Productions er derimot ikkje villig til la filmmaterialet gå til museet gratis. Ved Norsk Oljemuseum har dei forsøkt å få Handelsdepartementet på banen med kapital til å sikre seg filmane. Dette har falle på steingrunn, men ein anonym sponsor har lova å hjelpe med 40 000 kroner. Johansen har også spora opp opplysningar om at produksjonsselskapet Stavanger AV Instittutt har synt si interesse for å kjøpe materiale, men at heller ikkje dei hadde lukkast i å kjøpe filmane.
Snuforsøket innebar omfattande dykkararbeid. (Foto: Pete Brady/Norsk Oljemuseum)
Gjennom korrespondansematerialet ved Oljemuseet kjem meir av dragkampen rundt filmmaterialet fram. Konservator Jone Johnsen har hatt ein krevjande jobb med å skaffe seg oversikt i saka, men har lukkast i å få på det reine at materialet er hjå filmlaboratoriet Colour Film Services i London. Laboratoriet har framkalla filmane og også laga positive arbeidskopiar. Hausten 1981 reiste Johnsen til London «…to make sure that we are not buying a pig in a poke.» Det er tydeleg at konservatoren også etter dette ser viktige verdiar i filmmaterialet. Då særleg som historisk dokumentasjon av snuforsøket, som den viktige hendinga det var både menneskeleg og økonomisk. Han gjer og ei eiga fortolking av det han har sett; «For konservator personlig kjentes filmen som en dramatisk avsløring av grotesk diskrepanse mellom avansert skrivebordsteknologi og manglende praktisk innsikt og erfaring.» I teksten om det han har sett, som og vert nytta opp mot departementet for å søke pengestøtte, går det fram at han tvilar på at det er noko i desse filmane som kan gi nærare opplysningar om sjølve ulukka.
Frå museet uttrykk dei at «Vår interesse i saken ligger primært i at vi vil hindre at dette viktige materialet går tapt. Vi har også hatt for øye at materialet ikke bør kommer personer/firma i hende som kunne tenkes ville fjerne deler av det fra historien.» Fleire stader vert det understreka at museet ikkje ønskjer å verte dregne inn i ein interessekamp. Når dei vert oppmerksame på at det lokale produksjonsselskapet Stavanger A.V. Institutt er interesserte i å kjøpe materialet, ønskjer dei eit samarbeid heller enn å gå inn i ein kommersiell bodkrig. Eit slikt samarbeid verkar også Stavanger A.V. Institutt å vere åpne for. Samstundes – det ligg ei tydeleg spenning og ulmar i korrespondansen.
Dimensjonane på riggen gjorde snuoperasjonen krevjande. (Foto: Pete Brady/Norsk Oljemuseum)
Omdiskutert aktør
At konservatoren ved museet balanserer på ei tynn line i sin eksplisitte ambisjon om ikkje å verte involvert i interessekampar, går fram av dokumenthaugen eg no kan lese. Den anonyme lovnaden om økonomisk bistand er formidla gjennom ein omdiskutert aktør i Kielland-saka, sjøkaptein Ivar Garberg. Garberg skriv om tilbodet på USD 6000 som tilskot til innkjøp at filmmaterialet: «Giveren insisterer på å være anonym, og vil muligens ønske å formidle gaven gjennom «Kielland-Fondet». Dette er bare en praktisk løsning.» NRK-journalist Bjørn Nilsen skildrar Garberg slik i si bok om Kielland-ulukka: «…idérik og fantasifull, lynrask i svingene. Sjøkaptein, arbeidsnarkoman og absolutt altmuligmann med stor karisma.»[REMOVE]Fotnote: Nilsen, Bjørn: Gjenferd i Nordsjøen: Kielland-ulykken i norsk oljepolitikk (1984): s. 111 Garberg hadde engasjert seg i Kielland-ulukka heilt frå starten. Først som rådgjevar for NOPEF, ein LO-organisasjon for oljearbeidarar. Seinare hadde han vorte teknisk sakkyndig for Kielland-fondet, grupperinga som arbeidde for dei etterlatne sine interesser. Mykje av bakgrunnen for at han hadde fått denne rolla var at han gjennom hausten 1980 hadde engasjert seg med kritiske merknader til den pågåande snuoperasjonen og selskapa som leidde denne.[REMOVE]Fotnote: Reme, Kian: Kielland: the battle (2023): s. 53 Garberg var ein av pådrivarane for å få Regjeringa til å stogge det første forsøket på snu Kielland, ein operasjon han heilt frå starten hadde hevda kunne resultere i at heile riggen ville synke.[REMOVE]Fotnote: «Hasardspill kan ødelegge bevis. «Kielland» kan synke» i Klassekampen 09.08.1980 Regjeringa si brå avgjerdsle om å stogge snuforsøket sette og ein brå strek over arbeidet med å lage ein film om operasjonen.
Ut i november 1980 vart det tydeleg at snuforsøket utan bruk av ytre krefter ikkje var tilstrekkeleg. To store flytekraner frå det svenske selskapet Neptun vart leigd inn, men snuforsøket vart stogga før desse fikk synt nytta si. (Foto: Pete Brady/Norsk Oljemuseum)
Anklagar mot selskapet som hadde rettane til filmen
Då Garberg i slutten av november 1981 vidareformidla det anonyme tilbodet, var han framleis eit framtredande namn i mediedekninga av Kielland-ulukka. I eit lengre intervju med Rogaland Avis fortalde han same månad om drapstruslar han hadde fått for undersøkingane sine.[REMOVE]Fotnote: «Roter du mer i Kielland-saken, lever du ikke sommeren over!» i Rogalands Avis 07.11.1981 Eit par veker seinare, i desember 1981, var det store medieoppslag etter at eit vitne hadde stått fram og fortalt om sveisearbeid for å reparere sprekker på Alexander L. Kielland i tida før ulukka.[REMOVE]Fotnote: ««Alexander L. Kielland» Ny etterforskning» i VG 10.12.1981 Ivar Garberg hevda då det måtte ha vore svenske Tommy Andersson frå Nicoverken, som hadde utført slikt eventuelt sveisearbeid.[REMOVE]Fotnote: «Sveiseren var svensk» i VG 10.12.1981 Altså ein tilsett i eitt av selskapa som seinare hadde fått og misslukkast i oppdraget med å snu riggen.[REMOVE]Fotnote: Reme, Odd Kristian: Kielland: 89 spørsmål (2023). Kielland-nettverket: s. 122 Ein ekstra dimensjon i denne samanheng er at det var nettopp Nicoverken som hadde vendt seg til Norsk Oljemuseum for å finne ei trygg hamn for dette filmmateriale.
Garberg skriv at det anonyme økonomiske tilbodet kjem ut frå tanken om at filmmaterialet er det einaste handfaste bevismateriale som eksisterer frå det første snuforsøket, og at det difor kan få sentral verdi i samband med ulike rettssaker: «Filmen må derfor oppbevares og behandles på en slik måte at ingen får anledning til å klippe bort deler av den.» Han skriv vidare at givaren er inneforstått med dette, og at det «…nettopp er gjennom en oppbevaring i Norsk Oljemuseum at filmen sikres på beste måte.»
Lekkasjar frå dei store løfteballongane var eit stort problem. (Foto: Pete Brady/Norsk Oljemuseum)
Frå Norsk Oljemuseum er det ein klar plan om kva som vil skje med filmrullane om dei får tilslaget. Originalmaterialet ønskjer dei å deponere hjå Norsk Filminstitutt. Dei vil legge til rette for at politi og andre myndigheiter kan gå gjennom materiale, og så ønskjer dei eit samarbeid med NRK om den bruk «…Fjernsynet måtte være interessert i.»[REMOVE]Fotnote: «FILM OM FORSØKET PÅ Å SNU «ALEXANDER L. KIELLAND». SØKNAD OM STØTTE TIL INNKJØP, INNTIL KR. 100.000» tilgjengeleg på: https://media.digitalarkivet.no/view/112060/556 (Handelsdepartementet, Skipsfartsavdelingen) Dei gode hensiktene, og bodet på 6000 dollar, overtydde derimot ikkje bustyraren. Ubetalte framkallingskostnader ved laboratoriet var ein del av panten og «I am looking for a sum considerably in excess of funds required to repay the lien.» var meldinga frå likvidatoren C Morris. Han hadde elles merka seg medieoppslaga rundt Kielland, som seinhausten 1981 var nær senking på djupt vatn.
Høgnar bodet på filmane
Museet skreiv i januar 1982 igjen til den engelske bustyraren. Dei var villige til å høgne bodet sitt til 10 000 dollar for heile materialet, eit tilbod som skulle stå fram til 12. februar 1982. 10 000 dollar var mykje pengar i 1982. Likevel – bustyret svarte at det ikkje var tilstrekkeleg til å sikre alt materiale og rettane som fylde med. Kan det vere at det var interessa frå produksjonsselskapet Stavanger A.V. Institutt som gjorde at bustyraren meiner det kunne vere meir å hente økonomisk?
Biletstripe som syner arbeid med dei karakteristiske gule løfteballongane. (Foto: Pete Brady/Norsk Oljemuseum)
I eit brev frå Stavanger A.V. Institutt til museet datert 23. mars 1982, går det fram at det har vore både samtalar og møter mellom dei og Norsk Oljemuseum om interessa for filmmateriale. Produksjonsselskapet ser det naudsynt å «bekrefte våre uttalelser og hensikter med vår interesse for filmen.» Til liks med museet er selskapet oppteken av at materiale bør sikrast for ettertida, og at Norsk Oljemuseum er den rette instansen for dette. «Våre intensjoner er å sørge for at materialet ikke skal komme på avveie, eller bli brukt på en måte som kan ødelegge dette eller skade norsk oljeindustri generelt, ved feil bruk.» skriv produksjonsselskapet, som gjerne ser at museet kan vere den instansen som tek avgjerdsler om framtidig bruk og visning av materialet. Interessene til selskapet, ut over dei prinsipielle, ligg i framtidig kopiering, bearbeiding og redigering av filmmaterialet, skriv dei. Det som fangar mi interesse kjem mot slutten: «Alle andre spekulasjoner om hvorfor vi har engasjert oss i denne sak, er således grunnløse.» Og vidare at produksjonsselskapet har informert den engelske bustyraren «om avtalen mellom Stavanger Drilling og JVC, og fått stoppet bobestyreren i å tillate visning av deler av filmen via BBC. Dette har vi gjort for å stoppe eventuelle skadefulle omtaler av saken.»
No, meir enn fire tiår etter, er det lett å trå feil i fortolkinga av dokumenthaugen. Kvifor skal eit privat produksjonsselskap i Stavanger ta ansvar for at bruken av filmmateriale ikkje skadar norsk oljeinteresse generelt? Og kvifor går Stavanger A.V. Institutt aktivt inn for å stogge forsøka på å få vist delar av materiale i britisk TV? For å forsøke å forstå dette, tek eg kontakt med mannen som leidde Stavanger A.V. Institutt attende på byrjinga av 1980-talet, Bernhard O. Randulff. Heller ikkje han veit kvar filmmaterialet seinare har funne vegen, men på spørsmål om kvifor dei involverte seg i spørsmålet kring eventuell visning av filmmateriale på BBC, skriv Randulff: «Når det gjelder forholdet til BBC og de opptakene som ble gjort ved første snuforsøk, så gjaldt det vårt engasjement ved den andre snuoperasjonen. Der hadde vi fått enerett på filmopptak, og ønsket derfor å ha kontroll på hva og hvor ting ble vist.»[REMOVE]Fotnote: E-post frå Bernhard O. Randulff, dagsett 15.10.2024
Overspel frå bustyret?
Var det eit mogeleg sal av materiale til ein kringkastar, som BBC, som hadde gjort bustyraren så lunken til å selje materialet til museet eller Stavanger A.V. Institutt? At buet har teke advarselen frå Stavanger A.V. Institutt på alvor, er tydeleg. Touche & Ross skreiv til Stavanger Drilling for å få tilsendt filmkontrakten som presiserte at visning av filmen berre kunne skje om Stavanger Drilling gav sitt samtykke. Reiarlaget ba på si side om å få tilsendt ein kopi av den redigerte filmen. Her møtte dei motbør, for bustyret hadde ikkje ein slik kopi tilgjengeleg: «Should you wish to aquire a copy you will need to beer the costs of its preparation,» skreiv dei – men ut frå undersøkingane eg har gjort, så verkar det ikkje som Stavanger Drilling fekk laga ein slik kopi. Det verkar derimot som alt stogga opp. Tilbodet frå museet sto ikkje lenger og Stavanger A.V. Institutt hadde ikkje fått tilslag på materialet.
Våren 1983, vende buet seg igjen til Norsk Oljemuseum, for å høyre om dei framleis var interesserte i å kjøpe filmmateriale. Museet svarte 20. juni 1983: «Our interest is still the same, our sponsors however, are not able to finance the project any longer. Therefore we are not able to bid for the film.» skreiv museet, men bad samstundes om å få melding om materialet sto i fare for å verte øydelagt. Dei ville i så tilfelle forsøke å skaffe midlar til å sikre det, men til ein langt lågare pris enn dei hadde bydd året før. At filmmateriale har ein historisk verdi, verka å spele ei mindre rolle for bustyret: «As regards the safe custody of the film I am not in a position to give any assurances that it will neither be thrown away nor destoyed.»[REMOVE]Fotnote: “Filmmaterialet fra første forsøk på å snu «Alexander L. Kielland» 15. september 1983 https://media.digitalarkivet.no/view/122470/786 skreiv ein R. Hewitt på vegne av bustyrar C. Morris. Dei gjorde det klart at så lenge laboratoriet ikkje fekk pengar for arbeidet dei hadde gjort, så sto dei fritt til å gjere nett det dei vil med filmmaterialet.
Kvar er filmane i dag?
Dokumenta som har kome for ein dag gir fleire nye haldepunkt i leitinga etter filmmaterialet. Namnet på ein kontaktperson ved Colour Film Services er kanskje det mest lovande. Gjennom eit nett av flinke folk som er interesserte i gamle filmopptak, kjem det og drypp av nye opplysningar om kvar restane etter det som fantest i hvelva etter Colour Film Services i London tok vegen. Ei avgjerande hjelp i dette arbeidet har vore Pete Brady sjølv. Gjennom fleire videomøter skildrar han filmarbeidet dei gjorde hausten 1980. Trass håpefulle signal har vi likevel ikkje makta å spore opp filmmaterialet. Kanskje vart det kassert ei tid etter at Color Film Services opphøyrde, eller det ligg umerka på ei hylle i eit arkiv og ventar på å verte funne.
Stor sending av bilete til Stavanger
Det er lett å sjå seg blind på eit mål. Å spore opp og sikre det omfattande filmmateriale som dokumenterer den første snuoperasjonen i Gandsfjorden 1980, har vore mitt mål. Filmane er framleis søkk borte, men noko anna har kome ut av prosessen. For sjølv om Pete Brady ikkje har filmmateriale selskapet hans tok, så har han teke vare på ei omfattande samling av stillbilete. Meir enn fire tiår etter at konservator Jone Johnsen, den første tilsette ved Norsk Oljemuseum, forsøkte å sikre det unike filmmaterialet som dokumenterte den første snuoperasjonen, så kom det ei stor sending til Norsk oljemuseum. Meir enn 1600 bilete frå hausten 1980 er i samlinga Pete Brady donerer museet. Eit omfattande, og kanskje like sentralt dokumentasjonsmateriale som filmnegativa ville vore. Bileta i denne artikkelen er henta frå dette materialet. Framleis er det ganske ferskt, og ved museet vil det kome til fleire opplysningar om kva bileta i samlinga faktisk dokumenterer. Detaljrikdomen og omfanget er stort og det må vere lov å håpe at det kan tilføre ny kunnskap om både den misslukka snuoperasjonen og ulukka.
Vinteren 2024 fikk Norsk Oljemuseum tilsendt denne samlinga av fotografi frå Pete Brady. Det er i hovudsak 35mm. positivar, men også 120 mm positivar, nokre få 35 mm negativ og enkelte papirkopiar (foto: Shadé B. Martins, Norsk Oljemuseum)